Search engine for discovering works of Art, research articles, and books related to Art and Culture
ShareThis
Javascript must be enabled to continue!

10. Orda om menneska. Olav Duuns «Ettermæle» i lys av eksistensialisme og rolla til subjektet

View through CrossRef
Olav Duun gav ut romanen Ettermæle i 1932. Duun-forskarar reknar 30-åra som ein periode der forfattaren prøvde ut nye litterære framstillingsformer, og Ettermæle må vurderast i lys av dette. Romanen er i det ytre forma som ei kriminalhistorie der Brynjar vender tilbake til heimbygda si for å undersøkje kva som har skjedd sidan far hans er tiltalt for å ha drepe kona si. Romanen består av mange einskildsamtalar mellom hovudpersonen og folk i bygda. I denne artikkelen utforskar eg nokre eksistensfilosofiske aspekt ved romanen, og prøver også å knyte dette til ein litterær modernistisk skrivemåte. Eg tek utgangspunkt i Jean-Paul Sartres bok Eksistensialisme er humanisme og Dag Østerbergs framstilling av eksistensfilosofien. Sentralt i mine resonnement står omgrepa reflektert og prereflektert medvit. Eg trekkjer også inn synspunkt frå den eksistensielle tenkinga til forfattaren Fjodor Dostojevskij. Når det gjeld modernistiske skrivemåtar, krinsar framstillinga mi om omgrepet subjektivitet og eit vekslande forteljeperspektiv, henta frå narratologien, og eg finn belegg for at romanen kan kallast modernistisk ut frå dei nemnde kriteria. Eg konkluderer også med at det finst mange eksistensfilosofiske element i romanen, men det kan synast noko uklart om eksistensialismen er ein berande idé i heile boka. Til det er romanen for samansett og unndreg seg på mange vis ei tydeleg heilskapleg forståing.
Title: 10. Orda om menneska. Olav Duuns «Ettermæle» i lys av eksistensialisme og rolla til subjektet
Description:
Olav Duun gav ut romanen Ettermæle i 1932.
Duun-forskarar reknar 30-åra som ein periode der forfattaren prøvde ut nye litterære framstillingsformer, og Ettermæle må vurderast i lys av dette.
Romanen er i det ytre forma som ei kriminalhistorie der Brynjar vender tilbake til heimbygda si for å undersøkje kva som har skjedd sidan far hans er tiltalt for å ha drepe kona si.
Romanen består av mange einskildsamtalar mellom hovudpersonen og folk i bygda.
I denne artikkelen utforskar eg nokre eksistensfilosofiske aspekt ved romanen, og prøver også å knyte dette til ein litterær modernistisk skrivemåte.
Eg tek utgangspunkt i Jean-Paul Sartres bok Eksistensialisme er humanisme og Dag Østerbergs framstilling av eksistensfilosofien.
Sentralt i mine resonnement står omgrepa reflektert og prereflektert medvit.
Eg trekkjer også inn synspunkt frå den eksistensielle tenkinga til forfattaren Fjodor Dostojevskij.
Når det gjeld modernistiske skrivemåtar, krinsar framstillinga mi om omgrepet subjektivitet og eit vekslande forteljeperspektiv, henta frå narratologien, og eg finn belegg for at romanen kan kallast modernistisk ut frå dei nemnde kriteria.
Eg konkluderer også med at det finst mange eksistensfilosofiske element i romanen, men det kan synast noko uklart om eksistensialismen er ein berande idé i heile boka.
Til det er romanen for samansett og unndreg seg på mange vis ei tydeleg heilskapleg forståing.

Related Results

ALTIN ORDA HANLIĞI’NDA “SARAY”IN BÜYÜK HATUNU: TAYTUĞLI HATUN
ALTIN ORDA HANLIĞI’NDA “SARAY”IN BÜYÜK HATUNU: TAYTUĞLI HATUN
Araştırmanın amacı: Altın Orda Hanlığı’nda, Özbek Han’ın eşi Taytuğlı Hatun’un kimliğinin yanı sıra Özbek Han, Canıbek Han, Berdibek Han dönemlerinde ve sonrası taht kavgalarında s...
6. Sårbarhet som inngang til Olav Duuns novellekunst i skolen
6. Sårbarhet som inngang til Olav Duuns novellekunst i skolen
Dette kapittelet diskuterer hvordan Olav Duuns noveller kan brukes i litteraturundervisningen i skolen i dag. Duun har tradisjonelt hatt en kanonisert status i norsk skole. Med inn...
Ideologi Eksistensialisme Pada Puisi “Prologue” Karya Sapardi Djoko Damono
Ideologi Eksistensialisme Pada Puisi “Prologue” Karya Sapardi Djoko Damono
Artikel ini membahas ideologi eksistensialisme pada puisi “Prologue” karya Sapardi Djoko Damono. Tujuan penelitian ini yakni untuk menunjukkan konsep ideologi eksistensialisme yang...
The Saint Olav Drama (Spelet Om Heilag Olav): A perpetual mobile machine? Roots, rituals and respect
The Saint Olav Drama (Spelet Om Heilag Olav): A perpetual mobile machine? Roots, rituals and respect
Abstract This article discusses the reasons why The Saint Olav Drama (Spelet om Heilag Olav) has had such a continuous long run, and focuses specifically on the role...
CUCİ ULUSUNUN SİYASİ TARİHİ (1256-1263)
CUCİ ULUSUNUN SİYASİ TARİHİ (1256-1263)
Bu makale, 1256-1263 yılları arasında Altın Orda Devleti’nin siyasi gelişimi ile ilgili bir dizi konuyu incelemektedir. Yazar bilhassa Sartak’ın ölümü meselesi üzerinde durmakta ve...
7. «Alltid ei lære i det som blir fortalt»
7. «Alltid ei lære i det som blir fortalt»
Det er med rette påpekt at Olav Duuns forfatterskap bærer preg av den muntlige tradisjonen i Namdalen, noe som særlig gjelder novellene. Mellom debuten i 1907 og 1930 utga Duun fir...
Özbek Han Dönemi Altın Orda-İlhanlı Devletleri Münasebetleri
Özbek Han Dönemi Altın Orda-İlhanlı Devletleri Münasebetleri
Altın Orda Devleti ile İlhanlı Devleti arasında iki devletin kuruluşundan itibaren birçok nedenden ötürü çatışmalar meydana gelmiştir. Bu çatışmaların temel sebebi atalardan kalan ...

Back to Top