Javascript must be enabled to continue!
Teokratiets folkelærarar: Folkehøgskular og kristeleg nasjonalisme i Noreg ca. 1814-1905
View through CrossRef
Denne avhandlinga tar for seg førestellingar om tilhøvet mellom kristendom og nasjonalt sjølvstende. Dette emnet granskast ved å fokusere særskilt på folkehøgskulelærarar i Noreg og korleis førestellingane som gjorde seg gjeldande hjå desse, kan posisjonerast i høve norsk nasjonalisme og nasjonsbygging mellom 1814 og 1905. Granskinga har slik ei historisk tilnærming som rettar søkelys på den intellektuelle verksemda til fleire einskildaktørar og sosiale krinsar over eit lengre tidsrom. Teoretisk fokuserer eg på teoriar vedrørande nasjonsbygging og nasjonalisme. Metodisk har eg brukt lesestrategiar som les ytringar som sosiale handlingar med intensjon om å gjere noko innanfor konkrete kontekstar. Såleis vil denne granskinga gje eit innblikk i korleis ein lang rekkje menneske i denne perioden skreiv og argumenterte i offentlegheita. Søkelyset er retta på desse offentlege aktørane sine oppfatningar og førestellingar om tilhøvet mellom kristendom og nasjonalt sjølvstende. Målet er ikkje å vurdere kva haldningar og ytringar som var feil eller rett, men å presentere og forklare korleis personar i ein historisk kontekst tenkte og arbeidde for å forandre og påverke samfunnet dei var ein del av. Ved slike granskingar av fortida kan vi få innsikt i argumentasjonar, idear og tankar som kan vere framande og uvande, men nettopp derfor opplysande og lærerike. Tidlegare forsking om folkehøgskular har gjerne lagt fram framstillingar som meir samanfattande kan kallast for tofasemodellen. Essensen her er at folkehøgskulane i Noreg var eit nytt uttrykk for ein eldre tradisjon, men bidrog til å gjere denne tradisjonen meir liberal, demokratisk og radikal. Denne avhandlinga vil både vidareføre og utfordre denne modellen. Gjennom fire empiriske analysekapittel vert det vist at folkehøgskular bør sjåast på som institusjonelle prisme for kristeleg nasjonalisme i Noreg. Folkehøgskulane bidrog til ei folkeleggjering av den kristelege nasjonalismen, men dette perspektivet var som tidlegare gjerne brukt til å refse og korrigere aktørar og perspektiv, som kristelege nasjonalistar meinte hadde for einsidige forståingar av det nasjonale eller det kristelege. Den kristelege nasjonalismen var bygd på overtydingar om at eit folks nasjonale sjølvstende måtte tuftast på kristeleg gudstru. Premisset for denne var teokratisk; menneske og folk måtte innordne seg etter Guds vilje og lov. Overtydingane og argumentasjonane var bygde på liberal og konservativ etikk: Skulle folket realisere sine ibuande krefter, eller måtte det først gjennomgå ei kristeleg omvending og deretter håpe på Guds nåde? Dei kristelege nasjonalistane freista å opplyse folket om desse overtydingane, og dei vart dermed teokratiets folkelærarar i Noreg.
Title: Teokratiets folkelærarar: Folkehøgskular og kristeleg nasjonalisme i Noreg ca. 1814-1905
Description:
Denne avhandlinga tar for seg førestellingar om tilhøvet mellom kristendom og nasjonalt sjølvstende.
Dette emnet granskast ved å fokusere særskilt på folkehøgskulelærarar i Noreg og korleis førestellingane som gjorde seg gjeldande hjå desse, kan posisjonerast i høve norsk nasjonalisme og nasjonsbygging mellom 1814 og 1905.
Granskinga har slik ei historisk tilnærming som rettar søkelys på den intellektuelle verksemda til fleire einskildaktørar og sosiale krinsar over eit lengre tidsrom.
Teoretisk fokuserer eg på teoriar vedrørande nasjonsbygging og nasjonalisme.
Metodisk har eg brukt lesestrategiar som les ytringar som sosiale handlingar med intensjon om å gjere noko innanfor konkrete kontekstar.
Såleis vil denne granskinga gje eit innblikk i korleis ein lang rekkje menneske i denne perioden skreiv og argumenterte i offentlegheita.
Søkelyset er retta på desse offentlege aktørane sine oppfatningar og førestellingar om tilhøvet mellom kristendom og nasjonalt sjølvstende.
Målet er ikkje å vurdere kva haldningar og ytringar som var feil eller rett, men å presentere og forklare korleis personar i ein historisk kontekst tenkte og arbeidde for å forandre og påverke samfunnet dei var ein del av.
Ved slike granskingar av fortida kan vi få innsikt i argumentasjonar, idear og tankar som kan vere framande og uvande, men nettopp derfor opplysande og lærerike.
Tidlegare forsking om folkehøgskular har gjerne lagt fram framstillingar som meir samanfattande kan kallast for tofasemodellen.
Essensen her er at folkehøgskulane i Noreg var eit nytt uttrykk for ein eldre tradisjon, men bidrog til å gjere denne tradisjonen meir liberal, demokratisk og radikal.
Denne avhandlinga vil både vidareføre og utfordre denne modellen.
Gjennom fire empiriske analysekapittel vert det vist at folkehøgskular bør sjåast på som institusjonelle prisme for kristeleg nasjonalisme i Noreg.
Folkehøgskulane bidrog til ei folkeleggjering av den kristelege nasjonalismen, men dette perspektivet var som tidlegare gjerne brukt til å refse og korrigere aktørar og perspektiv, som kristelege nasjonalistar meinte hadde for einsidige forståingar av det nasjonale eller det kristelege.
Den kristelege nasjonalismen var bygd på overtydingar om at eit folks nasjonale sjølvstende måtte tuftast på kristeleg gudstru.
Premisset for denne var teokratisk; menneske og folk måtte innordne seg etter Guds vilje og lov.
Overtydingane og argumentasjonane var bygde på liberal og konservativ etikk: Skulle folket realisere sine ibuande krefter, eller måtte det først gjennomgå ei kristeleg omvending og deretter håpe på Guds nåde? Dei kristelege nasjonalistane freista å opplyse folket om desse overtydingane, og dei vart dermed teokratiets folkelærarar i Noreg.
Related Results
Skule jarl, Snorre og den historiske bakgrunnen åt "Fagrskinna"
Skule jarl, Snorre og den historiske bakgrunnen åt "Fagrskinna"
I studiet av norrøn sogelitteratur hev det fest seg ei meining um at berre islendingar kann ha skrive kongesogor med eit fullt framvakse prosimetrum, d.e. med mange og til dels lan...
NUOSAIKIOSIOS DEŠINIOSIOS RUSŲ VISUOMENINĖS IR POLITINĖS ORGANIZACIJOS VILNIUJE (1905–1915) / MODERATE RIGHT-WING RUSSIAN PUBLIC AND POLITICAL ORGANISATIONS IN VILNIUS (1905–1915)
NUOSAIKIOSIOS DEŠINIOSIOS RUSŲ VISUOMENINĖS IR POLITINĖS ORGANIZACIJOS VILNIUJE (1905–1915) / MODERATE RIGHT-WING RUSSIAN PUBLIC AND POLITICAL ORGANISATIONS IN VILNIUS (1905–1915)
ANNOTATION.
The Manifesto issued by Emperor Nicholas II on 17 October 1905 fundamentally
changed the system of government in the Russian Empire. The principal outcome of the Mani...
Statsutvikling nedenfra i Norge ca. 1500–1814
Statsutvikling nedenfra i Norge ca. 1500–1814
State building in Norway, as well as in most of Europe between c. 1500–1814, was most often a top-down process; rules and regulations, bureaucracy and military organization were im...
Guillaume Guillon Lethière’s Homer Singing the Iliad Outside the Gates of Athens (1814): A French Neoclassical History Painting’s Journey from Rome to Nottingham
Guillaume Guillon Lethière’s Homer Singing the Iliad Outside the Gates of Athens (1814): A French Neoclassical History Painting’s Journey from Rome to Nottingham
Homer singt die llias vor den Toren Athens (1814) von Guillaume Guillon Lethière : die Reise von Rom nach Nottingham eines französischen neoklassizistischen Historiengemäldes.
...
Two severe famines (1809–1810, 1814–1814) in Korea during the last stage of the little ice age (1809–1819)
Two severe famines (1809–1810, 1814–1814) in Korea during the last stage of the little ice age (1809–1819)
Abstract. From the eruption of an unknown volcano in 1809 until that of Tambora in April 1815, large and small volcanoes erupted in succession, causing various climatic changes aro...
Politics of the French empire in the east Adriatic coast (1809–1814)
Politics of the French empire in the east Adriatic coast (1809–1814)
The article processes the period of the French Empire’s rule on the east Adriatic coast between 1809 and 1814. Based on the relevant literature and historical sources, the article ...
Axel Elof Jäderholm (1868–1927) of Sweden: educator, hydrozoan zoologist and botanist
Axel Elof Jäderholm (1868–1927) of Sweden: educator, hydrozoan zoologist and botanist
Axel Elof Jäderholm was born in Söderhamn, Sweden, on 24 July 1868. In 1888 he entered Uppsala Universitet, earning undergraduate (1892) and doctorate (1898) degrees. His doctoral ...
Henri Poincaré et la relativité : 1900, 1905, 1912
Henri Poincaré et la relativité : 1900, 1905, 1912
Savant universaliste comme Gauss, dont il est considéré comme l’égal pour les mathématiques, Henri Poincaré (1854-1912) a promu l’importance de l’idée de relativité en physique dès...

