Search engine for discovering works of Art, research articles, and books related to Art and Culture
ShareThis
Javascript must be enabled to continue!

Skule jarl, Snorre og den historiske bakgrunnen åt "Fagrskinna"

View through CrossRef
I studiet av norrøn sogelitteratur hev det fest seg ei meining um at berre islendingar kann ha skrive kongesogor med eit fullt framvakse prosimetrum, d.e. med mange og til dels lange skaldesitat ispedde prosaen. Ein hev meint at nordmenn ikkje åtte den kunnskapen som trongst for å kunna gjera seg nytte av denne innfløkte og ikkje so lett tilgjengelege sjangeren. Når det gjeld Morkinskinna og Heimskringla, tvo av dei kongesogone som hev mest skaldekvæde, er denne teorien uproblematisk: Desse verki må i alle høve, av andre grunnar (topografiske kunnskapar, nasjonalt perspektiv), reknast for islendske. Konfrontert med Fagrskinna, derimot, melder problemi med teorien seg snøgt. Ikkje berre er båe handskriftene (kalla Fagrskinna A og B) skrivne på gamalnorsk og var i Noreg fram til dei hamna i København på 1600-talet; teksti er òg heilt klårt skrivi frå norsk synsstad og med eit norskt perspektiv på hendingane. Ein hev vilja forklåra dette med at verket vart skrive av ein islending som arbeidde i Noreg og hadde norsk uppdragsgjevar (soleis t.d. Storm 1876, Indrebø 1917). Det kann likevel ikkje tyda ut den store lokalkunnskapen forfattaren legg for dagen, serskilt um det nordanfjellske Noreg – ein kunnskap som gjeng langt utanpå «noregsvenen» Snorre Sturlasson –, og det kann heller ikkje tyda ut den sterkt patriotiske norske tendensen me finn i verket. Denne artikkelen gjeng i rette med den vanlege syni på Fagrskinna som islendsk og viser at ho ikkje stend seg mot nærare etterprøving. Mange av dei argumenti Alfred Jakobsen (1970a) førde i marki for norsk, og meir presist trøndsk, proveniens, vert lyfte fram att og styrkte ytterlegare. Etter dette vert det freista å rekonstruera ein situasjonell logikk der det gjev fullgod meining at ein nordmann kunde ha eigna til seg dei skaldediktskunnskapane som trongst for å føra Fagrskinna i pennen. I denne rekonstruksjonen spelar både Skule jarl og Snorre Sturlasson sentrale rollor, som litterære «fadrar» for Fagskrinna-forfattaren i Nidaros i åri 1218–20.
Title: Skule jarl, Snorre og den historiske bakgrunnen åt "Fagrskinna"
Description:
I studiet av norrøn sogelitteratur hev det fest seg ei meining um at berre islendingar kann ha skrive kongesogor med eit fullt framvakse prosimetrum, d.
e.
med mange og til dels lange skaldesitat ispedde prosaen.
Ein hev meint at nordmenn ikkje åtte den kunnskapen som trongst for å kunna gjera seg nytte av denne innfløkte og ikkje so lett tilgjengelege sjangeren.
Når det gjeld Morkinskinna og Heimskringla, tvo av dei kongesogone som hev mest skaldekvæde, er denne teorien uproblematisk: Desse verki må i alle høve, av andre grunnar (topografiske kunnskapar, nasjonalt perspektiv), reknast for islendske.
Konfrontert med Fagrskinna, derimot, melder problemi med teorien seg snøgt.
Ikkje berre er båe handskriftene (kalla Fagrskinna A og B) skrivne på gamalnorsk og var i Noreg fram til dei hamna i København på 1600-talet; teksti er òg heilt klårt skrivi frå norsk synsstad og med eit norskt perspektiv på hendingane.
Ein hev vilja forklåra dette med at verket vart skrive av ein islending som arbeidde i Noreg og hadde norsk uppdragsgjevar (soleis t.
d.
Storm 1876, Indrebø 1917).
Det kann likevel ikkje tyda ut den store lokalkunnskapen forfattaren legg for dagen, serskilt um det nordanfjellske Noreg – ein kunnskap som gjeng langt utanpå «noregsvenen» Snorre Sturlasson –, og det kann heller ikkje tyda ut den sterkt patriotiske norske tendensen me finn i verket.
Denne artikkelen gjeng i rette med den vanlege syni på Fagrskinna som islendsk og viser at ho ikkje stend seg mot nærare etterprøving.
Mange av dei argumenti Alfred Jakobsen (1970a) førde i marki for norsk, og meir presist trøndsk, proveniens, vert lyfte fram att og styrkte ytterlegare.
Etter dette vert det freista å rekonstruera ein situasjonell logikk der det gjev fullgod meining at ein nordmann kunde ha eigna til seg dei skaldediktskunnskapane som trongst for å føra Fagrskinna i pennen.
I denne rekonstruksjonen spelar både Skule jarl og Snorre Sturlasson sentrale rollor, som litterære «fadrar» for Fagskrinna-forfattaren i Nidaros i åri 1218–20.

Related Results

Interaktion von Shiga Toxin mit primären humanen intestinalen und renalen Epithelzellen
Interaktion von Shiga Toxin mit primären humanen intestinalen und renalen Epithelzellen
ZusammenfassungInfektionen durch enterohämorrhagische Escherichia coli (EHEC)‐Bakterien können beim Menschen wässrige und blutige Durchfälle verursachen und im schlimmsten Fall das...
Snorre Project Strategies and Status
Snorre Project Strategies and Status
ABSTRACT The Snorre development is one of the most challenging projects carried out in the Norwegian North Sea since the pioneering days of the early and mid 1970...
Snorre B Hull: Design, Fabrication, Erection and Transportation.
Snorre B Hull: Design, Fabrication, Erection and Transportation.
Abstract This paper gives a summary of the design basis and requirements of the Norwegian Field Development, Snorre B hull. It describes the fabrication of the hu...
Pedersstræde i Viborg. Købstadarkæologiske undersøgelser 1966/67
Pedersstræde i Viborg. Købstadarkæologiske undersøgelser 1966/67
Pedersstræde in Viborg Archäologische Untersuchungen der Stadt ViborgSchon seit dem 17. Jahrhundert hat man die historisch-topographische Entwicklung der Stadt Viborg zum Gegenstan...
Snorre Verification And Testing
Snorre Verification And Testing
ABSTRACT A major offshore project with a high content of new technology requires a systematic, well-documented approach to assure quality. This paper provides a b...
Snorre Marine Operations
Snorre Marine Operations
ABSTRACT The Snorre Marine Operations extended over three offshore seasons and comprised about 100 activities. This paper summarizes the major m...
Snorre Subsea Production System
Snorre Subsea Production System
ABSTRACT Saga Petroleum will make extensive use of subsea systems to develop the Snorre Field. Of the planned 46 wells needed for the field's first phase developm...
Snorre Subsea Tree and Completion Equipment
Snorre Subsea Tree and Completion Equipment
ABSTRACT The Snorre Subsea Production System (SPS) is an innovative 10 + 10 well facility which will be tied back to the Snorre tension leg platform (Figure 1). The ...

Back to Top