Search engine for discovering works of Art, research articles, and books related to Art and Culture
ShareThis
Javascript must be enabled to continue!

Kulelagermodellen

View through CrossRef
Leiing er den «den kollektive streben etter å oppfylle formål (telos)» (By, 2021, s. 30). Sagt med andre ord: jobbe saman for å bidra til det gode for verda. Denne artikkelen foreslår at Løgstrup (1999) si etiske fordring er ei meir passande normativ føring enn MacIntyre (2004) og Kempster et al. (2011), då den famnar heile spekteret av moralfilosofien og menneskelege verdiar. Å forstå leiing som å bidra til det gode for verda vil gi lite meining for folk som forstår leiing som å få folk til å gjere det leiaren vil (Barker, 1997). I organisasjonar prega av sterke leiar–følgjar-dynamikkar vil ein trenge tid for at eit nytt paradigme kan vekse fram. Å jobbe saman for å bidra til det gode for verda inneber å snakke saman. Dialogen er i denne samanhengen viktig, men den er skjør (Øiestad, 2019) og treng å beskyttast (Kvalnes, 2019; Edmondson, 2019). Når noko skal drivast av ein motor, nyttast ein stålsylinder som kraftoverføring. For å redusere friksjonen som oppstår i kraftoverføringa, nyttast eit kulelager, og utan dette vil stålsylinderen bli riven i fillebitar av den massive friksjonen frå motoren. På same måten som stålsylinderen mellom motor og det som drivast, treng beskyttelse, treng også dialogen å vernast når energinivået i samtalen aukar. Kulelagermodellen viser at ved å reflektere over kjensler, forståingshorisont, makt, urørlegheitssona, intensjon, dynamikkar, etisk refleksjon, kritiske kvalitetsaugeblikk og å være produktiv, vil truleg dialogen tole meir trykk før den bryt saman.
Cappelen Damm AS - Cappelen Damm Akademisk
Title: Kulelagermodellen
Description:
Leiing er den «den kollektive streben etter å oppfylle formål (telos)» (By, 2021, s.
30).
Sagt med andre ord: jobbe saman for å bidra til det gode for verda.
Denne artikkelen foreslår at Løgstrup (1999) si etiske fordring er ei meir passande normativ føring enn MacIntyre (2004) og Kempster et al.
(2011), då den famnar heile spekteret av moralfilosofien og menneskelege verdiar.
Å forstå leiing som å bidra til det gode for verda vil gi lite meining for folk som forstår leiing som å få folk til å gjere det leiaren vil (Barker, 1997).
I organisasjonar prega av sterke leiar–følgjar-dynamikkar vil ein trenge tid for at eit nytt paradigme kan vekse fram.
Å jobbe saman for å bidra til det gode for verda inneber å snakke saman.
Dialogen er i denne samanhengen viktig, men den er skjør (Øiestad, 2019) og treng å beskyttast (Kvalnes, 2019; Edmondson, 2019).
Når noko skal drivast av ein motor, nyttast ein stålsylinder som kraftoverføring.
For å redusere friksjonen som oppstår i kraftoverføringa, nyttast eit kulelager, og utan dette vil stålsylinderen bli riven i fillebitar av den massive friksjonen frå motoren.
På same måten som stålsylinderen mellom motor og det som drivast, treng beskyttelse, treng også dialogen å vernast når energinivået i samtalen aukar.
Kulelagermodellen viser at ved å reflektere over kjensler, forståingshorisont, makt, urørlegheitssona, intensjon, dynamikkar, etisk refleksjon, kritiske kvalitetsaugeblikk og å være produktiv, vil truleg dialogen tole meir trykk før den bryt saman.

Back to Top