Javascript must be enabled to continue!
Variasjon og endring i sogndalsdialekten
View through CrossRef
I denne hovudoppgåva har eg undersøkt 9 fonologiske og 9 morfologiske språktrekk i sogndalsdialekten. Talemålstilfanget har eg fått gjennom samtalar med 30 tilfeldig utvalde sogndøler, 15 frå Sogndalsfjøra og 15 frå Sogndalsdalen. Alle samtalane vart tekne opp på kassett og deretter ekserperte av meg.
Sidan Sogndal på eit par generasjonar har gått frå å vera ei jordbruks- og fruktbygd til å verta eit kommunikasjons-, handels- og skulesentrum for heile Sogn, ville eg sjå om dette også viste att i språket. Eg ville ved hjelp av ein kvantitativ analyse finna ut om det var mogleg å påvisa variasjon mellom ulike sosiale inndelingar som kjønn, region, utdanning, yrkesgruppe, foreldrebakgrunn eller det å ha budd borte frå Sogn i to år eller meir. Eg ville også prøva å finna ut om det kan ha skjedd store endringar i sogndalsdialekten ut frå frekvensen av tradisjonelle og nyare belegg og ut frå alder.
Det viste seg at det berre var den sosiale inndelinga etter kjønn som gav store nok skilnader til å forkasta ein null-hypotese. På eit djupare nivå kom det fram at denne kjønnsskilnaden var størst for regionen Dalen.
For alle personane og belegga sett under eitt fekk eg ein gjennomsnittleg tradisjonsprosent på 78,4%, noko som tyder på at dei tradisjonelle talemålsformene i Sogndal held seg godt.
For tre variablar, variabel 3 /ø/ -/øy/ framfor palatal, som i <tykkja>, 14 /nd, ld/ - /n, l/, som i <skulle> og <kunne> og 18 /ei:/ - /i/, som i <inne> var det likevel dei nyare variantane som dominerte.
Ei inndeling i to aldersgrupper synte så mange signifikante utslag på aldersskilnad at null-hypotesen måtte forkastast. Dette gav størst utslag for regionen Dalen. Skilnaden mellom aldersgruppene var størst hjå dei kvinnelege informantane.
Resultata har eg dels forklart ved hjelp av sosiale og psykologiske faktorar og dels ved hjelp av språklege faktorar.
Title: Variasjon og endring i sogndalsdialekten
Description:
I denne hovudoppgåva har eg undersøkt 9 fonologiske og 9 morfologiske språktrekk i sogndalsdialekten.
Talemålstilfanget har eg fått gjennom samtalar med 30 tilfeldig utvalde sogndøler, 15 frå Sogndalsfjøra og 15 frå Sogndalsdalen.
Alle samtalane vart tekne opp på kassett og deretter ekserperte av meg.
Sidan Sogndal på eit par generasjonar har gått frå å vera ei jordbruks- og fruktbygd til å verta eit kommunikasjons-, handels- og skulesentrum for heile Sogn, ville eg sjå om dette også viste att i språket.
Eg ville ved hjelp av ein kvantitativ analyse finna ut om det var mogleg å påvisa variasjon mellom ulike sosiale inndelingar som kjønn, region, utdanning, yrkesgruppe, foreldrebakgrunn eller det å ha budd borte frå Sogn i to år eller meir.
Eg ville også prøva å finna ut om det kan ha skjedd store endringar i sogndalsdialekten ut frå frekvensen av tradisjonelle og nyare belegg og ut frå alder.
Det viste seg at det berre var den sosiale inndelinga etter kjønn som gav store nok skilnader til å forkasta ein null-hypotese.
På eit djupare nivå kom det fram at denne kjønnsskilnaden var størst for regionen Dalen.
For alle personane og belegga sett under eitt fekk eg ein gjennomsnittleg tradisjonsprosent på 78,4%, noko som tyder på at dei tradisjonelle talemålsformene i Sogndal held seg godt.
For tre variablar, variabel 3 /ø/ -/øy/ framfor palatal, som i <tykkja>, 14 /nd, ld/ - /n, l/, som i <skulle> og <kunne> og 18 /ei:/ - /i/, som i <inne> var det likevel dei nyare variantane som dominerte.
Ei inndeling i to aldersgrupper synte så mange signifikante utslag på aldersskilnad at null-hypotesen måtte forkastast.
Dette gav størst utslag for regionen Dalen.
Skilnaden mellom aldersgruppene var størst hjå dei kvinnelege informantane.
Resultata har eg dels forklart ved hjelp av sosiale og psykologiske faktorar og dels ved hjelp av språklege faktorar.
Related Results
Implementeringsforskning: vitenskap for forbedring av praksis
Implementeringsforskning: vitenskap for forbedring av praksis
Medisinsk forskning har ført til store framskritt de siste tiårene. Det er investert mye mer ressurser på basalforskning og klinisk forskning enn på å utvikle og evaluere metoder f...
Sett fra et sted, utviklet fra et punkt
Sett fra et sted, utviklet fra et punkt
A dice roll is the very image of randomness. Every day since September 1, 1994, I have rolled a set of six dice, written down the number combinations and collected the numerical ma...
Stien i endring? Om det godes paradoks
Stien i endring? Om det godes paradoks
The trail is the most important helping measure in friluftsliv (i.e. outdoor recreation or OR), mainly since walking in the neighborhood or local forest is the most frequent friluf...
Redaktører og endringstrykk
Redaktører og endringstrykk
Mediebransjen er i stor endring. Dette er noe lederne i mediehusene kjenner på, ikke minst redaktørene. Kan all turbulensen rundt endring slite slik på redaktørene at de vurderer s...
Fleksibel organisering i mediebedrifter
Fleksibel organisering i mediebedrifter
Norske mediebedrifter er inne i en omstilling som er unik i historisk sammenheng. Digitalisering, nye plattformer, endring i medievaner og -konsum og endring i annonsemarkedet stil...
«E’ hel ei – e’ halv ei» – om realiseringa av ubestemt hokjønnsartikkel i Oslo
«E’ hel ei – e’ halv ei» – om realiseringa av ubestemt hokjønnsartikkel i Oslo
Studiar av genusendring i norsk har jamt over brukt mykje plass på inventaret i kategorien «ubestemt artikkel», som fleire stader viser teikn til å skrøkke frå tre til to typar. I ...
Hvorfor samarbeide?
Hvorfor samarbeide?
Mange bedrifter ser på samarbeid som en mulighet til å styrke sin egen konkurransekraft, få tilgang til nye markeder og innfri operasjonelle, samfunnsmessige og miljørelaterte krav...
RAMMER OG ROM
RAMMER OG ROM
Rammer og romUtvikling av toradarspel med utgangspunkt i overføring av låtspel frå hardingfele og fele. Prosjektet rører seg i feltet tradisjonsmusikk i Noreg og Sverige. Det har ...

