Javascript must be enabled to continue!
Arkitektur og teknologi som avgrensar pleietrengjande sin tilgang til WC
View through CrossRef
Denne artikkelen er ein analyse av korleis arkitektur og teknologi i private bustader og sjukeheimar, strukturerer toalettpraktikkane til pleietrengjande. Analysen viser at private bustader kan vere utforma slik at pleietrengjande må sove i stova og gjere frå seg på ein toalettstol der. Dette inneber at gjeremål som vanlegvis finn stad i private delar av bustaden som bad/WC og soverom, vert flytta til stova, den offentlege delen av bustaden. Slike endringar kan stride imot pleietrengjande og deira familie sin praktiske sans.I norske sjukeheimar bur dei pleietrengjande vanlegvis i eige rom med tilhøyrande bad/WC. I denne private delen av institusjonen finn toalettpraktikkane stad. Bueiningane er konstruerte slik at pleietrengjande som ikkje kan stå på føtene ofte heller ikkje kan bruke WC.Om ein ser på den norske private notids-bustaden og notids-bueininga i sjukeheimar i lys av det før-moderne kabylske huset som var delt i ein øvre og ein nedre del, er bad/WC og soverom i notidsbustaden og notids-bueininga i sjukeheimen på mange vis homolog til den feminine, lågaste delen av det kabylske huset, fordi det er i slike delar av bustaden ein handterer den biologiske kroppen. Gjeremåla som fann stad i den lågaste delen av det kabylske huset vart rekna for feminine, dei hadde låg status og var usynlege utanfor bustaden. Den same låge statusen har arbeidet med toalettpraktikkar i helsevesenet. Slikt arbeider er sjeldan artikulert og problematisert i det offentlege rommet, så arkitektar og ingeniørar kan mangle informasjon om korleis arkitektur kan fremje/hemme toalettpraktikkar til sjuke og pleietrengjande. Dermed er det sannsynleg at dei held fram med å konstruere private og offentlege bygg som er i pakt med den praktiske byggsansen som dei har inkorporert. Når dei konstruerer private bygg slik at pleietrengjande må gjere frå seg i stova og konstruerer sjukeheimar som forhindrar dei mest pleietrengjande i å bruke WC, utøver dei samstundes symbolsk vald.
University of Bergen Library
Title: Arkitektur og teknologi som avgrensar pleietrengjande sin tilgang til WC
Description:
Denne artikkelen er ein analyse av korleis arkitektur og teknologi i private bustader og sjukeheimar, strukturerer toalettpraktikkane til pleietrengjande.
Analysen viser at private bustader kan vere utforma slik at pleietrengjande må sove i stova og gjere frå seg på ein toalettstol der.
Dette inneber at gjeremål som vanlegvis finn stad i private delar av bustaden som bad/WC og soverom, vert flytta til stova, den offentlege delen av bustaden.
Slike endringar kan stride imot pleietrengjande og deira familie sin praktiske sans.
I norske sjukeheimar bur dei pleietrengjande vanlegvis i eige rom med tilhøyrande bad/WC.
I denne private delen av institusjonen finn toalettpraktikkane stad.
Bueiningane er konstruerte slik at pleietrengjande som ikkje kan stå på føtene ofte heller ikkje kan bruke WC.
Om ein ser på den norske private notids-bustaden og notids-bueininga i sjukeheimar i lys av det før-moderne kabylske huset som var delt i ein øvre og ein nedre del, er bad/WC og soverom i notidsbustaden og notids-bueininga i sjukeheimen på mange vis homolog til den feminine, lågaste delen av det kabylske huset, fordi det er i slike delar av bustaden ein handterer den biologiske kroppen.
Gjeremåla som fann stad i den lågaste delen av det kabylske huset vart rekna for feminine, dei hadde låg status og var usynlege utanfor bustaden.
Den same låge statusen har arbeidet med toalettpraktikkar i helsevesenet.
Slikt arbeider er sjeldan artikulert og problematisert i det offentlege rommet, så arkitektar og ingeniørar kan mangle informasjon om korleis arkitektur kan fremje/hemme toalettpraktikkar til sjuke og pleietrengjande.
Dermed er det sannsynleg at dei held fram med å konstruere private og offentlege bygg som er i pakt med den praktiske byggsansen som dei har inkorporert.
Når dei konstruerer private bygg slik at pleietrengjande må gjere frå seg i stova og konstruerer sjukeheimar som forhindrar dei mest pleietrengjande i å bruke WC, utøver dei samstundes symbolsk vald.
Related Results
Marina miljön i 8+fjordar – nuvarande kunskap om ekosystemet och de mänskliga belastningarna
Marina miljön i 8+fjordar – nuvarande kunskap om ekosystemet och de mänskliga belastningarna
8+fjordar-området är topografiskt väldigt varierande. Vattenutbytet är långsamt och tillförseln av näringsämnen stor. Största delen av näringsämnen stannar kvar i fjordarna. Mest i...
Podcastlytteren som hverdagskurator: En undersøgelse af podcastlytning som praksisfænomen i hverdagen
Podcastlytteren som hverdagskurator: En undersøgelse af podcastlytning som praksisfænomen i hverdagen
Streaming og on demand-mediebrug er en generel medietendens, der breder sig i disse år i kraft af digitaliseringen af medierne. Som et on demand-medie indebærer podcasten en meget...
Hur mår HBTIQ-unga i Finland?
Hur mår HBTIQ-unga i Finland?
Under våren 2013 kartlades välmående bland unga HBTIQ-personer i Finland (HBTIQ står för homosexuell, bisexuell, transperson, interkönad och queer) i en omfattande nätenkät. Unders...
Sedd, igenkänd, okänd.
Sedd, igenkänd, okänd.
I essän ”Sedd, igenkänd, okänd” behandlar jag kristusgestalterna i Solveig von Schoultz dikt ”Glasfönster, katedral” (1968). Dikten är ekfrastisk, utformad som en iscensättning av ...
Förekomst av bekämpningsmedel i flödestoppar : jämförelse mellan flödesstyrd provtagning i flödestoppar och tidsstyrd veckomedelsprovtagning i en jordbruksbäck i Skåne, 2009-2021
Förekomst av bekämpningsmedel i flödestoppar : jämförelse mellan flödesstyrd provtagning i flödestoppar och tidsstyrd veckomedelsprovtagning i en jordbruksbäck i Skåne, 2009-2021
Syftet med denna rapport är att jämföra två olika metoder för provtagning av ytvatten som används för bestämning av växtskyddsmedel inom den svenska miljöövervakningen; tidsstyrd (...
Minne som materiale
Minne som materiale
«Minne som materiale» har vært en undersøkelse av ulike måter å arbeide kunstnerisk med minner og hukommelse. Jeg har utforsket ulike materialer, prosesser og uttrykksformer gjenno...
SISTEM INFORMASI SEBAGAI KEILMUAN YANG MULTIDISIPLINER
SISTEM INFORMASI SEBAGAI KEILMUAN YANG MULTIDISIPLINER
Saat ini, dibandingkan dengan negara sekitar, di manakah posisi Indonesia? Tepat sesaat sebelum pandemi, World bank mengkategorikan Indonesia pada posisi upper middle income dan PB...
Viljan att vara reko
Viljan att vara reko
Rehabiliteringskoordinator (reko) har tillkommit som en ny, lagstadgad funktion i linje med att göra arbetsåtergång för sjukskrivna ett prioriterat område inom vården. Reko har som...

