Search engine for discovering works of Art, research articles, and books related to Art and Culture
ShareThis
Javascript must be enabled to continue!

Læringssyn skaperverkstedslitteraturen

View through CrossRef
Skaparrørsla (på engelsk Maker movement) veks raskt verda over og løftar fabrikasjon- og kommunikasjonsteknologi som nye verktøy inn i kreative prosessar, saman med det skapande menneskje som nøkkelspelar i den digitale utviklinga av samfunnet. Skaparrørsla insisterer på at å skape er ein grunnleggande menneskeleg aktivitet og i ein skaparverkstad (på engelsk Makerspace) er læringa som skjer i- og mellom menneskjer, og i møte med material og verktøy, den viktigaste verdiskapinga. Rørsla let seg vanskeleg knytte til ein enkelt kultur, trend eller hending. Snarare er det eit samanfall av fleire samtidige, som haker-, restarter- og gjer-det-sjølv-rørslene (DIY), samt ideear og tankesett frå entreprenørskap- og STE(A)M-pedagogikken m.fl. Skaparverkstader er no etablert både i- og utanfor formelle læringsmiljø i Noreg, i folkebibliotek, museum, vitskapssenter, skular og universitet. Rørsla er slik også iferd med å påverke det pedagogiske arbeidet i skulen, særleg i øving av digitale kompetansar og arbeid med teknologi. Samtidig er det vanskeleg å identifisere ei stringent retning på kva læringssyn dette styrer etter. Målet med studia er å undersøke korleis forskarar har skildra og analysert tankesettet knytt til læring i skaparrørslelitteraturen frå tidlegare studiar, internasjonalt og nasjonalt, med eit særleg søkelys på kunst- og handverksfaget. Gjennom litteraturgjennomgangar kjem det fram at den skaparsentrerte undervisninga og læringa både har fått form og fotfeste som er tilpassa og integrert i dei skulekulturane der både rørsla og forskinga har fått halde på ei stund, som i USA. I norsk samanheng er både skaparrørsla og skaparrørsleforsking kome kortare. Førebels er det fyrst og fremst STEM-fag og uformelle læringssituasjonar som har tatt eigarskap og gitt form til den skaparsentrerte pedagogikken. I kunst- og handverksfag-samanheng dreier forskinga seg i stor grad om prosjekt utført i- og av høgare utdanning.Nøkkelord: læringssyn, læring, skaparverkstad, skaparrørsle, kunst- og handverksfag
Title: Læringssyn skaperverkstedslitteraturen
Description:
Skaparrørsla (på engelsk Maker movement) veks raskt verda over og løftar fabrikasjon- og kommunikasjonsteknologi som nye verktøy inn i kreative prosessar, saman med det skapande menneskje som nøkkelspelar i den digitale utviklinga av samfunnet.
Skaparrørsla insisterer på at å skape er ein grunnleggande menneskeleg aktivitet og i ein skaparverkstad (på engelsk Makerspace) er læringa som skjer i- og mellom menneskjer, og i møte med material og verktøy, den viktigaste verdiskapinga.
Rørsla let seg vanskeleg knytte til ein enkelt kultur, trend eller hending.
Snarare er det eit samanfall av fleire samtidige, som haker-, restarter- og gjer-det-sjølv-rørslene (DIY), samt ideear og tankesett frå entreprenørskap- og STE(A)M-pedagogikken m.
fl.
Skaparverkstader er no etablert både i- og utanfor formelle læringsmiljø i Noreg, i folkebibliotek, museum, vitskapssenter, skular og universitet.
Rørsla er slik også iferd med å påverke det pedagogiske arbeidet i skulen, særleg i øving av digitale kompetansar og arbeid med teknologi.
Samtidig er det vanskeleg å identifisere ei stringent retning på kva læringssyn dette styrer etter.
Målet med studia er å undersøke korleis forskarar har skildra og analysert tankesettet knytt til læring i skaparrørslelitteraturen frå tidlegare studiar, internasjonalt og nasjonalt, med eit særleg søkelys på kunst- og handverksfaget.
Gjennom litteraturgjennomgangar kjem det fram at den skaparsentrerte undervisninga og læringa både har fått form og fotfeste som er tilpassa og integrert i dei skulekulturane der både rørsla og forskinga har fått halde på ei stund, som i USA.
I norsk samanheng er både skaparrørsla og skaparrørsleforsking kome kortare.
Førebels er det fyrst og fremst STEM-fag og uformelle læringssituasjonar som har tatt eigarskap og gitt form til den skaparsentrerte pedagogikken.
I kunst- og handverksfag-samanheng dreier forskinga seg i stor grad om prosjekt utført i- og av høgare utdanning.
Nøkkelord: læringssyn, læring, skaparverkstad, skaparrørsle, kunst- og handverksfag.

Related Results

Förord
Förord
I foråret 2022 afholdt NordFo og University College Copenhagen (KP) konferencen Make It Together. Konferencen henvendte sig til nordiske forskere og undervisere indenfor craft, des...

Back to Top