Search engine for discovering works of Art, research articles, and books related to Art and Culture
ShareThis
Javascript must be enabled to continue!

1. Naturen i «Juvikfolke»

View through CrossRef
Naturen er innskriven i eit forvitneleg verdimønster når det gjeld synet på menneske, kultur og religion i Juvikfolke. For det første har han funksjon som ramme og materiell ressurs i romansyklusen, det som kan kallast den mimetiske framstillinga av naturen. Verket er ei landnåmssoge, som viser menneskets kamp for å legge naturen under seg. I denne kampen blir mennesket forsøkt hindra av angst for løynde motstandskrefter. Landnåmsaspektet blir òg vurdert ut frå ulike økokritiske perspektiv. For det andre bruker Duun naturen metaforisk som spegel for menneskesinnet og forståinga av omverda. I dette perspektivet blir mennesket òg assosiert med naturfenomen og dyr, og særskilde lokasjonar får ein ladd symbolfunksjon i plottet. For det tredje har naturen ein ontologisk dimensjon; han seier noko om grunnvilkåra for tilværet og blir dermed framstilt med ei fenomenologisk røyst. Den sistnemnde blir relatert til K. E. Løgstrups fenomenologiske filosofi med vekt på sansinga som tilgang til naturen. Med sitt paradoksale janusandlet utløyser naturen ei eksistensiell og religiøs undring over tilværet. Naturen framstår òg som ei grunnleggande kjelde for etikken, som igjen blir nært relatert til estetikken. Vidare blir framstillinga av tilhøvet mellom natur og menneske vurdert i lys av Henri Bergsons naturfilosofi, som ser menneske og natur som delar av ein større organisk heilskap gjennom l’élan vital, livsstraumen. Bergsons sondring mellom kategoriane lukka/statisk og open/dynamisk blir brukt som ein innfallsvinkel til Duuns framstilling av det religiøse. Den dynamiske religionen har sine fremste representantar i mystikarane, og dei står som dei ypparste aktørane i den kontinuerlege skapingsprosessen som konstituerer tilværet.
Fagbokforlaget
Title: 1. Naturen i «Juvikfolke»
Description:
Naturen er innskriven i eit forvitneleg verdimønster når det gjeld synet på menneske, kultur og religion i Juvikfolke.
For det første har han funksjon som ramme og materiell ressurs i romansyklusen, det som kan kallast den mimetiske framstillinga av naturen.
Verket er ei landnåmssoge, som viser menneskets kamp for å legge naturen under seg.
I denne kampen blir mennesket forsøkt hindra av angst for løynde motstandskrefter.
Landnåmsaspektet blir òg vurdert ut frå ulike økokritiske perspektiv.
For det andre bruker Duun naturen metaforisk som spegel for menneskesinnet og forståinga av omverda.
I dette perspektivet blir mennesket òg assosiert med naturfenomen og dyr, og særskilde lokasjonar får ein ladd symbolfunksjon i plottet.
For det tredje har naturen ein ontologisk dimensjon; han seier noko om grunnvilkåra for tilværet og blir dermed framstilt med ei fenomenologisk røyst.
Den sistnemnde blir relatert til K.
 E.
Løgstrups fenomenologiske filosofi med vekt på sansinga som tilgang til naturen.
Med sitt paradoksale janusandlet utløyser naturen ei eksistensiell og religiøs undring over tilværet.
Naturen framstår òg som ei grunnleggande kjelde for etikken, som igjen blir nært relatert til estetikken.
Vidare blir framstillinga av tilhøvet mellom natur og menneske vurdert i lys av Henri Bergsons naturfilosofi, som ser menneske og natur som delar av ein større organisk heilskap gjennom l’élan vital, livsstraumen.
Bergsons sondring mellom kategoriane lukka/statisk og open/dynamisk blir brukt som ein innfallsvinkel til Duuns framstilling av det religiøse.
Den dynamiske religionen har sine fremste representantar i mystikarane, og dei står som dei ypparste aktørane i den kontinuerlege skapingsprosessen som konstituerer tilværet.

Related Results

3. Vi skal vinne over naturen. Eller skal vi?
3. Vi skal vinne over naturen. Eller skal vi?
Denne artikkelen undersøker noen naturbeskrivelser i Olav Duuns forfatterskap, sorterer dem grovt i typer, og diskuterer hvordan de kan tenkes å fungere for fiksjonspersonene og fo...
Draak en dolfijn - Een onbekend veertiende-eeuws fragment van Der naturen bloeme van Jacob van Maerlant (Brussel, Centrale Bibliotheek HUB)
Draak en dolfijn - Een onbekend veertiende-eeuws fragment van Der naturen bloeme van Jacob van Maerlant (Brussel, Centrale Bibliotheek HUB)
Around 1270 the Flemish author Jacob van Maerlant made an adaptation of Thomas of Cantimpré’s De natura rerum, called Der naturen bloeme. To date, 27 manuscripts of this text were ...
Hur Storbritanniens regering förordar natur i hälsohänseende och exempel på hur detta implementeras
Hur Storbritanniens regering förordar natur i hälsohänseende och exempel på hur detta implementeras
Storbritannien ledde den industriella revolutionen vilket spelade en avgörande roll för hur människor successivt kom att alieneras från naturen. Två större parlamentariska lagförän...
Der naturen bloeme / Jacob van Maerlant, and other text(s)
Der naturen bloeme / Jacob van Maerlant, and other text(s)
miniatures, border decoration, decorated, historiated and pen-flourished initials, schematic drawings...
Chemische Untersuchungen von Silikaten. I. und II
Chemische Untersuchungen von Silikaten. I. und II
AbstractAus den im Vorhergehenden beschriebenen Versuchen ist zu schließen, daß zwischen 700 und 1000° im Pyrophyllit (HO)2Al2Sl4O10 die beiden Wasserstoffatome gegen Mg und Co11 u...
Retorikk og romskapelse
Retorikk og romskapelse
Denne artikkelen er opptatt av hvordan den som taler i Johann Wolfgang von Goethes «Wandrers Nachtlied II» og Rainer Maria Rilkes «Herbst» best kan forstås. Den tar sitt utgangspun...
Om prosjektet Jording med (blå)leire
Om prosjektet Jording med (blå)leire
I doktorgradsprosjektet Jording med (blå)leire har jeg jobba med kunstneriske prosesser og øvelser som knytter oss tettere på blåleira i landskapet. Gjennom seks års utdannelse inn...

Back to Top