Search engine for discovering works of Art, research articles, and books related to Art and Culture
ShareThis
Javascript must be enabled to continue!

Helserelatert livskvalitet og erfaringar frå sjukehusopphaldet v1

View through CrossRef
Bakgrunn Kvar tredje nye brukar av omsorgstenester blir re-innlagt i sjukehuset, og det er ein samanheng mellom dette, tilhøve ved sjukehus og lengd av opphald. Sjukdom påverkar den helserelaterte livskvaliteten og pasientar si vurdering av helse og funksjon gir viktig informasjon. Pasienterfaringar og re-innlegging av eldre i somatiske sjukehus er to nye kvalitetsindikatorar, indirekte mål på kvalitet innan et område, utgitt av Helsedirektoratet i 2012. Hensikt/mål Formålet med studien er å få kunnskap om eldre pasientars helserelaterte livskvalitet samt erfaringar med sjukehusopphaldet og den første tida etter utskriving. Metode Studien inkluderer 250 menn og kvinner over 65 år med hoftebrot, kols eller hjartesvikt innlagt meir enn 24 timar, og som er i stand til å gje fritt informert samtykke. Deltakarane må vera i stand til å fylle ut spørjeskjema utan hjelp og ikkje ha fast plass i sjukeheim. Metoden er spørjeskjema som kartlegg fysisk og mental helse, angst og depresjon, usikkerheit ved sjukdom, trøttheit og utmatting, subjektive helseplager og erfaringar med sjukehusopphaldet. I tillegg blir det stilt spørsmål knytt til problem etter utskriving, kva type omsorgstenester pasientane mottar, kor dei oppheld seg dei første 30 dagar etter utskriving og re-innlegging i sjukehus i dette tidsrommet. Skjema blir svara på i sjukehuset og ein månad etter utskriving.'' Etiske aspekt Studien blir utført i samsvar med Helsinkideklarasjonen. Det vil bli innhenta samtykke-erklæring frå alle deltakarane før utskriving frå sjukehuset. Publisering Resultat vil bli presentert i internasjonalt tidsskrift med fagfellevurdering.
Title: Helserelatert livskvalitet og erfaringar frå sjukehusopphaldet v1
Description:
Bakgrunn Kvar tredje nye brukar av omsorgstenester blir re-innlagt i sjukehuset, og det er ein samanheng mellom dette, tilhøve ved sjukehus og lengd av opphald.
Sjukdom påverkar den helserelaterte livskvaliteten og pasientar si vurdering av helse og funksjon gir viktig informasjon.
Pasienterfaringar og re-innlegging av eldre i somatiske sjukehus er to nye kvalitetsindikatorar, indirekte mål på kvalitet innan et område, utgitt av Helsedirektoratet i 2012.
Hensikt/mål Formålet med studien er å få kunnskap om eldre pasientars helserelaterte livskvalitet samt erfaringar med sjukehusopphaldet og den første tida etter utskriving.
Metode Studien inkluderer 250 menn og kvinner over 65 år med hoftebrot, kols eller hjartesvikt innlagt meir enn 24 timar, og som er i stand til å gje fritt informert samtykke.
Deltakarane må vera i stand til å fylle ut spørjeskjema utan hjelp og ikkje ha fast plass i sjukeheim.
Metoden er spørjeskjema som kartlegg fysisk og mental helse, angst og depresjon, usikkerheit ved sjukdom, trøttheit og utmatting, subjektive helseplager og erfaringar med sjukehusopphaldet.
I tillegg blir det stilt spørsmål knytt til problem etter utskriving, kva type omsorgstenester pasientane mottar, kor dei oppheld seg dei første 30 dagar etter utskriving og re-innlegging i sjukehus i dette tidsrommet.
Skjema blir svara på i sjukehuset og ein månad etter utskriving.
'' Etiske aspekt Studien blir utført i samsvar med Helsinkideklarasjonen.
Det vil bli innhenta samtykke-erklæring frå alle deltakarane før utskriving frå sjukehuset.
Publisering Resultat vil bli presentert i internasjonalt tidsskrift med fagfellevurdering.

Related Results

L᾽«unilinguisme» officiel de Constantinople byzantine (VIIe-XIIe s.)
L᾽«unilinguisme» officiel de Constantinople byzantine (VIIe-XIIe s.)
&nbsp; <p>&Nu;ί&kappa;&omicron;&sigmaf; &Omicron;&iota;&kappa;&omicron;&nu;&omicron;&mu;ί&delta;&eta;&sigmaf;</...
Cometary Physics Laboratory: spectrophotometric experiments
Cometary Physics Laboratory: spectrophotometric experiments
&lt;p&gt;&lt;strong&gt;&lt;span dir=&quot;ltr&quot; role=&quot;presentation&quot;&gt;1. Introduction&lt;/span&gt;&lt;/strong&...
North Syrian Mortaria and Other Late Roman Personal and Utility Objects Bearing Inscriptions of Good Luck
North Syrian Mortaria and Other Late Roman Personal and Utility Objects Bearing Inscriptions of Good Luck
<span style="font-size: 11pt; color: black; font-family: 'Times New Roman','serif'">&Pi;&Eta;&Lambda;&Iota;&Nu;&Alpha; &Iota;&Gamma;&Delta...
A deworming field trial with ivermectin (MSD) in reindeer
A deworming field trial with ivermectin (MSD) in reindeer
<p>This paper is to be regarded as a follow-up under field conditions of Nordkvist et al. (1983) as far as ivermectin is concerned. 54 reindeer calves (29 males + 25 females)...
Morphometry of an hexagonal pit crater in Pavonis Mons, Mars
Morphometry of an hexagonal pit crater in Pavonis Mons, Mars
&lt;p&gt;&lt;strong&gt;Introduction:&lt;/strong&gt;&lt;/p&gt; &lt;p&gt;Pit craters are peculiar depressions found in almost every terrestria...
Un manoscritto equivocato del copista santo Theophilos († 1548)
Un manoscritto equivocato del copista santo Theophilos († 1548)
<p><font size="3"><span class="A1"><span style="font-family: 'Times New Roman','serif'">&Epsilon;&Nu;&Alpha; &Lambda;&Alpha;&Nu;&...
Ballistic landslides on comet 67P/Churyumov&#8211;Gerasimenko
Ballistic landslides on comet 67P/Churyumov&#8211;Gerasimenko
&lt;p&gt;&lt;strong&gt;Introduction:&lt;/strong&gt;&lt;/p&gt;&lt;p&gt;The slow ejecta (i.e., with velocity lower than escape velocity) and l...

Back to Top